O8 A3465 4 K

Varm mat

Kosthald. 

Barnet ditt har allereie etablert nokre matvaner før barnehagestart. Desse vert vi kjende med, og introduserer barnet ditt for ny mat etter kvart. Matglede og utforsking av fargar, former og smakar står i fokus her. Hyggeleg samvær rundt bordet er grunnleggande for trivsel ved eit måltid. 

Kroppen treng rett mat for å utvikle seg optimalt. Maten vi har i Vikemarka legg eit godt grunnlag for ein glad kropp og er avgjerande for kva barnet ditt får ut av barnehagedagen. Derfor serverar vi mat av høg kvalitet, varm mat kvar dag, mykje økologisk, mykje frukt og grønsaker. Vi unngår sukker, stivelse og posemat. Vi står difor igjen med ein meny som er prega av rein mat, og det er lett for oss å tilpasse maten til sensitive og allergiske barn.

Meny. 

Varm lunsj basert på på fisk-, kylling- og kjøtrettar, anretta med ei mengde varierte økologiske grønsaker og frukt. Fem om dagen er eit populært valspråk. Vi er betre enn det ☺ 

Til frokost velgjer barna mellom havregraut,  brødskiver, knekkebrød og frukt eller grønsaker. Ved ettermiddagsmåltidet har vi gjerne ein enklare variant med kjøtpålegg og smørepålegg på heimebaka brød, og frukt. 

Bursdagar betyr fruktfest her i Vikemarka, av og til med ein heimelaga pizza som variasjon.   

Vi er ikkje sukkerfrie. Når vi lagar sylte om hausten, brukar vi vanleg sukker. Og det skjer at vi et is om sommaren her også ☺