Mobil Test

Barnas perspektiv

Barnas Perspektiv

Det bur eit barn i alle vaksne og ein komande vaksen i alle barn. Ei av dei viktigaste oppgåvene vi som vaksne har, er å prøve å sjå verda gjennom barna sine auge. Berre gjennom barna sine auge ser ein korleis ein best kan ruste dei for framtida.

Barnehagen 1 A

Barnehagen

Storbarn og småbarn har kvar sine fløyer i bygget der dei leikar og lærer i løpet av dagen. Eige kjøken, eigne leikerom, eigne bad, garderobe og utgang til uteområdet. Storbarn disponerer eit mediatek i andre etasje, samt eit grupperom- tilpassa deira behov. Småbarn har fleire gode boltrerom med klatrevegg i deira høgd, og tilgong til vassleikrom i si fløy.

Mp 4263 3 E

Barnet ditt

Sjølvkjensle bygger vi kvar dag, gjennom heile året. I Vikemarka barnehage blir barnet ditt møtt i samsvar med visjonen vår: inspirerande samspel

Barnet ditt er verdifullt. Barnet i Vikemarka opplever at dei vaksne gler seg i deira selskap. Barn treng meir enn vaksne som er glade i barn - dei treng vaksne som er glade i sjølve livet!  Først då kan vi inspirere kvarandre. Å gi barnet ros for meistring er vel og bra - men viktigare for barnet er det å vere ein det er kjekt å vere ilag med...

Les meir

Mp 3891 4 K

Småbarn

Oppstart i barnehagen er spanande for deg som mor eller far, og det forstår vi. Du lever deg heilhjarta inn i korleis barnet ditt får det hos oss. Ut frå denne forståinga har vi utarbeidd retningslinjer på korleis vi møter deg og barnet i tilvenningsperioden. Vi tilpassar oss dykkar behov frå vårt fyrste møte. Mor eller far er med i barnehagen den fyrste perioden som kan variere i antal dagar. 

Les meir

6 M

Store barn

Oppstart i ny barnehage er også aktuelt for større barn. Vi tilpassar kvardagen til ditt barn frå vårt første møte. Her er hovedfokuset vårt ved sidan av tryggleiken, at barnet skal finne vener så fort som mogeleg kjenne seg som ein av gruppa.

Les meir