Barnegrupper 7 R

Barnegrupper

Barnet ditt vil høyre til ei gruppe med faste vaksne. Teamet består av ein pedagogisk leiar og to assistentar. Desse samarbeider for at oppstarten til barna skal vere god. Dei har god kompetanse på tilvenning, og pedagogisk leiar held nær kontakt med deg i denne fasen. 

Dei tre gruppene på vår småbarnsavdeling ser mykje til kvarandre, då dei leikar side om side delar av dagen. Både vaksne og barn vert kjende på tvers av gruppene, og dei gode relasjonane spirar fram. Vi ønsker at barna skal finne seg godt til rette og vi er fleksible. Vi legg til rette for venskap og kontakt mellom søsken gjennom dagen. Det er kjekt for oss å vere i stand til å justere på organiseringa etter barnet sine ønskje og behov.

En pedagogisk leiar tek ansvar for fagleg innhald og vurdering av barna si utvikling i sine respektive grupper. Når dei ser barn som inspirerer kvarandre til leik på tvers av grupper og alder så opnar vi opp for dyrking av desse venskapa også. Sysken tek naturleg kontakt med kvarandre i løpet av dagen. Opne lokale som her gir barna større valfridom i val av leikekameratar og i kontakt med eldre sysken. Fleire kompetente vaksne vil gjennom opne lokale lære å kjenne ditt barn, og sikrar kvaliteten ytterlegare. Barn har sine preferansar for kven dei har kjemi med av barn og vaksne, og vi tilbyr eit større utval gjennom denne organiseringa.