Tilsette 3 E

Tilsette

Tilsette set standarden for kvaliteten i barnet sin kvardag. Vi er stolte av å kunne seie at vi har eit uvanleg høgt kvalifisert personale. Dei pedagogiske leiarane har hovudansvaret for barnet sin vekst og utvikling, og for foreldresamarbeidet. Dei deltek i fagmiljøet i barnehagen, og utvekslar tankar, refleksjonar og idear med dei andre pedagogane på huset. Det er han/ho som vurderer korleis barnet ditt utviklar seg språkleg, sosialt, kognitivt, motorisk. Det er han/ho som tek samtalar med deg når han eller du vil drøfte noko. Det er han/ho du møter i foreldresamtalar. Det er han/ho som skriv dei flotte minnebøkene som du får. I tillegg til rikeleg med utdanna pedagogar har vi mange dyktige fagarbeidarar og assistentar - sjå gjerne på presentasjon av personale.

Vi har fokus på kompetanseheving og vidareutdanning og andre tek deltidsbasert barnehagelærarutdanning, m.m. Vi er i kontinuerleg utvikling fagleg.

For oss betyr eit rikt arbeidsmiljø eit fagleg sterkt og undrande miljø, med godt klima for drøfting og rettleiing. Det beste miljøet for barn å utvikle seg i er eit miljø der personalet er i utvikling. Dei vaksne er ulike i form av fagleg bakgrunn, kjønn, alder, kultur og nasjonalitet, det er noko av det vi hentar inspirasjon ifrå. Saman jobbar vi ut ifrå alle dei gode rutinane våre, for å sikre kvalitet i alle ledd. Når du startar i vår barnehage er du også vår samarbeidspart- vi er glade for å utvikle oss vidare saman med dykk.

Voksenes Perspektiv 7 R

Bemanning.

Bemanninga er eit kvalitetsstempel. Berre med nok personale kan ein tilby god kvalitet. I neste omgang kan vi derfor lettare strekke oss etter visjonen om eit inspirerande samspel. Ei hand å halde i, eit fang å lese på, trygge auger å sjå inn i, ei venleg røyst å lytte til. Vaksne skal kunne ha høve til å sjå barnet, og følge opp barnet. Vi skal vere i stand til å oppdage når eit barn har noko på hjartet. Bemanningsnorma som eksisterer i dag seier ein vaksen per tre barn under tre år og ein vaksen per seks barn over seks år. Grunnbemanninga vår har minimum denne norma. Ved sjukdom har vi stabile og gode vikarar. Også her er det viktig for oss at kvaliteten for barna blir ivaretatt best mogleg.

Utviklingsarbeid.

Det beste miljøet for barn i vekst og utvikling er blant vaksne i vekst og utvikling. Undrande og lærelystne vaksne som leiar kvarandre er ein stor del av kvardagen vår. Det er ein fordel med opne lokale der ein kan bli inspirerte, hauste erfaringar og hente råd og rettleiing frå kvarandre. Personalet deltek gjennom året på sikkerheitskurs for heile personalet, førstehjelpskurs, Mentorutdanning for pedagogiske leiarar, kompassutdanning for assistentar, deltidsutdanning som førskulelærar for assistentar i arbeid. Ut over dette deltek vi på ei rekke gode kurs, både internasjonale barnehagekonferansar og meir lokalt plasserte kurs som omhandlar tematikk som vi ønsker å lære meir om. Vi er heile tida på jakt etter kurs og kompetanse som kan inspirere oss vidare.

Perny Austnes. Eigar. Utdanna allmennlærar i 1979 og førskulelærar i 1992. Har etablert fire barnehagar.

Christin Myrene, dagleg leiar. Tilsett 2025

Jan Tore Stadheim. Pedagogisk leiar - turkis gruppe. Tilsett 2021.

Kristin Mikalsen Gjerde. Pedagogisk leiar - lilla gruppe. Tilsett 2022.

Charlotte Garnes. Pedagogisk leiar - raud gruppe. Tilsett 2025

Sara Knutsen. Pedagogisk leiar - grøn gruppe. Tilsett 2020.

Jeanette Ødegård Pedagog - grøn gruppe. Tilsett 2024

Helene Holvik. Pedagogisk leiar - gul gruppe.Tilsett 2025

Ragnhild Vatnehol. Ergoterapeut/pedagog - gul gruppe. Tilsett 2014.

Twinkle Jane Høymer. Barne- og ungdomsarbeidar - turkis gruppe. Tilsett 2015.

Vidar Andersen. Kjøkenassistent. Tilsett 2010.

Tove Richardsen Liaset. Sosionom - raud gruppe. Tilsett 2014.

Linn-Therese Turbekkmo-Øye. Sosionom - raud gruppe. Tilsett 2016.

Janita Valderhaug Røyset. Assistent - grøn gruppe. Tilsett 2016.

Elina Escobar. Assistent. Tilsett 2018. Permisjon 2025

Neringa Petkute-Barstad. Assistent - lilla gruppe. Tilsett 2023.

Maren Skjærvik. Assistent - grøn gruppe. Tilsett 2022.

Eirin Vågen Andersen. Barne- og ungdomsarbeidar - turkis gruppe. Tilsett 2024.

Olga Ivaniva Vorona. Assistent - gul gruppe. Tilsett 2023.

Adrian Bergo Vattøy. Assistent - raud gruppe. Tilsett 2023

Tatjana Barstad. Assistent - lilla gruppe. Tilsett 2023

Yuliia Samiljenko. Assistent - grøn gruppe. Tilsett 2024