Mp 4406 3 E

Leik og læring

For Småbarn

Leik & Læring er barn sin naturlige læremåte og veremåte, og sjølve utgongspunktet for vekst og utvikling. For små barn er det dagsrytma og gjentakinga av daglege rutinar som gir dei ro og tryggleik. Små barn leikar seg mykje parallelt, men vil med åra utvikle leiken til samhandlande leikeformer saman med gode vener her i Vikemarka.

 Kvardagen til barn er full av boltring, song, leik og små- men svært viktige- møte der dei etablerer sine aller første venskapsband. Små barn er i startgropa av livet, og vi ønsker å tilby barnet ditt spelerom til å utfalde seg. 

Vi tilbyr oppdaterte lokale, tilpassa leike- og læremidlar, inspirerande vaksne, rikt uteliv i den skiftande naturen. Hav og himmel, skog og fjell er ein del av kvardagen i Vikemarka. 

Vi er gode på å inspirere motorisk utvikling. Frå kryping i eit stimulerande boltremiljø inne for dei aller yngste til at femåringane opplever å sjå bygda si i fugleperspektiv frå ein av dei vakre fjelltoppane som omgir oss. 5 år – 5 toppar er vårt hårete mål før skulestart. 

Kvile. 

I barnehagen blir barna inspirerte til aktivitet og boltring store delar av dagen. Men det er også plass og tid til ro, avslapning og konsentrasjon. Alle barn treng ein god balanse mellom aktivitet og kvile. Dette er bakgrunnen for den fysiske inndelinga av areala våre. Dei små barna er skjerma store delar av dagen. Dei har romsleg areal med eige kjøken, garderobe, stellerom, leikerom, fleire gode boltrerom, vassleikrom, og fleire utgongar til utearealet. 

Vi legg til rette for fine stunder saman, med puslespel, maling, byggeleik, dans, song og musikk. Aktive barn har også behov for å ha seg ei roleg stund. Organiseringa i Vikemarka er nøkkelen til ein god kvardag for barna. Når barna har behov for det, får dei ei god kvilestund i vogna.

Her er det gjerne god tid for dei barna som ikkje lenger søv å få seg ei god og fredeleg leikestund saman med eit par venner som også er vakne. Vi held alle med vogner og ustyr.

Språk. 

Barnet ditt har kanskje ikkje uttalt sine første ord før dei startar her i Vikemarka? Men du som mor eller far forstår barnet ditt godt! Du har lært deg barnet sine uttrykksformer: ei blanding av mimikk, stemmebruk, rørsle og leik med lydar. Barn har stor evne til å gi oss respons på trivsel gjennom sine uttrykksformer. Desse er tydelege beskjedar til vaksne og nærverande vaksne som er saman med barnet ditt. Dei vaksne hos oss er vare for desse uttrykksformene, og forstår fort kva barnet ynskjer. 

Vi har høg kompetanse på korleis språkinnlæringa skjer, og korleis vi støttar og utviklar barnet sitt språk. I barnehagen er dei vaksne dei aller viktigaste støttespelarane for at barnet ditt får ei god språkutvikling. Kvart halvår vil du få informasjon om korleis barnet ditt utviklar seg språkleg. Dette får du i minneboka til barnet, saman med bilde frå barnehagekvardagen.


For Store barn

Leiken er barna sin naturlege måte å lære på og vere på. Ei grunnleggjande livs- og læringsform som barna kan uttrykke seg gjennom. Tilrettelegging av leiken er ein stor del av vårt arbeid. Vi tilpassar utfordringane etter barnet sitt modningsnivå, og ser deira interesser an i val av aktivitetar og innkjøp av ulike materiell. Det meste av læringa skjer gjennom leiken hos barn. 

Det er vanskeleg å måle mykje av det som skjer i barnehagen på ein god måte. Eit måleinstrument har vi likevel for dei eldste barna: Dei ikkje skal vekse ut av barnehagen før dei er ferdige her, men alltid ha utfordringar å strekkje seg etter. Barn som kjedar seg i barnehagen sender eit tydeleg signal om at barnehagen ikkje gjer ein god nok jobb, rett og slett. 

Mykje bruk av naturen som vekstarena gjer dette mulig. Knivsertifikat, fjelltoppar, utemat på bål, ørneobservasjonar – opplevd ilag med gode vener – er noko av det som gjer at store barn elskar barnehagen sin, og gjerne kjem tilbake på besøk hausten etter skulestart.

Læring. 

Barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølve og naturen rundt oss. I høve til alder og modningsnivå skal dei lære seg at dei kan påverke sin kvardag ved å delta i fellesskapen og stå for sine meiningar- og samarbeide med andre. Læring skjer i det daglege samspelet. Som visjonen vår inspirerande samspel står for, vi ønsker å møte barna på ein inspirerande måte i desse læringssituasjonane. 

Heile tida vert læringa prega av samspelet mellom barna og dei vaksne. Nokre hevdar at alt det viktigaste i livet, lærte dei i barnehagen. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. Sosial kompetanse handlar om å samhandle positivt med andre i sosiale situasjonar. Dette skjer gjennom heile dagen. I minneboka som du får med deg heim kvart halvår vil du kunne lese spesifikt om korleis det går med sosial utvikling, kognitiv utvikling, og motorisk utvikling for ditt barn. Minneboka kan vere eit hyggeleg samlingspunkt for familien heime  eller noko å vise bestemor og bestefar som kjem på besøk. Denne boka gir deg innsyn i barnet sin kvardag og i utviklinga sett over tid. Dette er dokumentasjon av høg kvalitet og på same tid ein skatt for barnet å ha med seg vidare.

Kvile. 

I barnehagen er det høgt tempo. Og vi må derfor også sjå til at barna får rom til ro, avslapping og konsentrasjon. Når vi deler barna i grupper vil vi frigjere rom og areal inne til å kunne roe ned med konsentrert arbeid, boklesing, og andre fine stunder saman.

Barnet vert lytta til. I andre etasje av barnehagen har vi eit grupperom og eit mediatek. Dei eldre barna oppheld seg her oppe i eit miljø prega av rolege aktivitetar som førebur dei til skulestart. Meir avanserte leiker som høver til dei eldste finn vi her oppe. Vi skaper tid og rom for gode samtalar ved å sette oss ned på golvet der barna er. Nokre hevdar at kjærleik kan stavast med tre bokstavar: TID. 

TID TIL BARN har vi fått godt til her i Vikemarka barnehage. Barna er omgitt av vaksne som er saman med dei heile dagen. Møte og anna administrativt arbeid som pedagogane ofte har, er lagt utanfor avdelingstida med barna, slik at barna opplever at dagen har ein god og roleg heilskap.

I arbeidet med dette fokuset har vi brukt Jesper Juul sitt pedagogiske perspektiv som huskeregel:

«Aktivitetar som vaksne syns er nyttige, fortel ikkje alltid barna at dei er viktige og verdifulle».