Barnet ditt
Sjølvkjensle bygger vi kvar dag, gjennom heile året. I Vikemarka barnehage blir barnet ditt møtt i samsvar med visjonen vår: inspirerande samspel.
Barnet ditt er verdifullt. Barnet i Vikemarka opplever at dei vaksne gler seg i deira selskap. Barn treng meir enn vaksne som er glade i barn - dei treng vaksne som er glade i sjølve livet! Først då kan vi inspirere kvarandre. Å gi barnet ros for meistring er vel og bra - men viktigare for barnet er det å vere ein det er kjekt å vere ilag med, enn å vere flink. Kjærleik kan stavast med tre bokstavar: TID. Ved å gi barnet tid saman med ein god ven, tid saman med ein vaksen dei kan opne seg for, tid saman til å le høgt og lenge - ja, då viser vi dei at dei har ein stor eigenverdi som barn.
Respekt for barnet er grunnleggande i det daglege arbeidet. Å få den tida ein treng for å bli ferdig med det ein held på med; ein viktig leik, ei fin teikning, ein alvorleg samtale med bamse. Vi ler med barnet, vi lyttar til barnet, og barnet får oppleve at deira stemme får konsekvensar for våre val. For å ha mest mogeleg samvær med barna legg vi alle våre personalmøter til kveldstid. Barna i Vikemarka barnehage opplever at deira behov og ynskje betyr noko, at dei kan påverke kvardagen sin og ha reelle val.