Mp 42632 6 M

Naturleikeplassen

Uteområdet vert brukt stort sett heile dagen, både område innanfor og utanfor gjerdet. Vi går på tur fleire gongar i veka, korte og lengre turar. Begrepet «turdag» er vi ikkje fan av. Vi meiner at dette begrepet gjenspeiler noko ganske anna enn vår praksis. Vi har ein lang tradisjon for å bruke naturen mest mogleg. Naturen er barna sin aller beste og mest varierte leikeplass for god motorikk og sosiale venskapsband. Barn over fire år har behov for varierte leiketilhøve fleire gongar i veka, og det held vi oss til. Når barna er fem år har vi ein tradisjon for å ta dei med på fem toppturar på våre nærliggande fjell.

Naturen. 

Tilpassa leikeapparat finn vi klart til bruk i naturen. Tre som er så høge og spanande at den tøffaste, dei eldste, og den sterkaste også finn fram til spanande leik. Eller ein stokk så lav og fin og trygg og varsam at den lågaste, mest forsiktige barnekroppen vågar seg utpå å balansere. 

Naturen er ein fantastisk lærerik stad for barn. Den motoriske stimuleringa som dei får her gir dei gevinstar på absolutt alle andre utviklingsområde: språk, kognitive funksjonar, sosialt, m.m. Det er ein god grunn for at vi ikkje har berre ein turdag i veka. Her går vi på tur så ofte vi berre kan. Og er det snø så går vi på ski! Naturen er vi glade i og avhengige av. Vi tek vare på naturen og er opptekne av sporfri ferdsel i det fri.

Ekskursjonar. 

Vi har minibuss som gjer at vi lett kan gjennomføre ekskursjonar med barna. Døme på ekskursjon er besøk på hønseri for å lære om egg, tur til Flø for å ta opp poteter og grønsaker direkte frå jorda, tur til høgare fjell for å bestige fjelltoppar, eller tur ned i fjøra på Osneset der barnehagen disponerer eige naust og båt.