Mobil Forsidebilde 2

Vaksne sitt perspektiv

Eit voksent perspektiv

Det er ingen krav om kor mykje kvar familie skal bidra med her. Det ser ut til at det er ei ordning som alle trivast med.

Kvardagen 2 A2

Kvardagen

Opningstida vår er frå 07.00-16.45. Dei vaksne er klare til å ta imot barnet ditt når du har tatt avskjed. Barnet får servert ein fargerik, næringsrik og innbydande frukost mellom 08.00-09.00 med påfølgande tannpuss. Tannpussen er ein kjekk aktivitet, synest barna. Etter dette følger ein frileikperiode på tvers av alder, der store hjelper små og dei yngste lærer av dei eldre. Sjølv om vi kan dele av mellom småbarn sine leikeareal og storbarn sine areal så får barna besøke kvarandre mellom avdelingane i periodar av dagen. Ein stor fordel med opne areal er at barn kan søke til sysken og vener på tvers av avdelingane. Det er lettare å finne seg ein god kompis når ein har fleire å spele på. Og venskap er i fylgje undersøkingar det aller viktigaste for barna.

Mp 3883 Form1

Vedtekter

Vi jobbar bevisst med kvalitet, og vil at barnehagen vår skal vere ein meiningsfull møtestad som er prega av respekt i møtet mellom menneske. Dette vil vise i:  - dialog mellom foreldre og personale - dialog mellom barn og vaksne.

Les meir

Oppstart 7 R

Oppstart

Vi tilbyr heimebesøk til små barn som skal byrje hos oss. Eit heimebesøk inneber kort og greitt at ein vaksen som skal ha tett kontakt med barnet ditt kjem heim til dykk for å helse på barnet. Heimen er barnet sin tryggaste stad. Dei vaksne som kjem inn i huset dykkar er til å lite på- det veit barnet.

Les meir