Årsplan
ÅRSPLAN for Vikemarka barnehage 2025 - 2027
VISJON
”Inspirerande samspel”
www.vikemarkabarnehage.no
DEL 1.
Årsplanen er eit arbeidsreiskap for personalet og dokumenterer barnehagen sine val og grunngjevingar. Årsplanen gir informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til føresette, myndigheit, samarbeidspartar og andre interesserte (RP2017, s.38)
Vi har vald å dele Årsplanen i 2 delar.
- Del 1 handlar om korleis vi jobbar
- Del 2 er ei utdjuping og har meir detaljert informasjon om einskilde tema.
KORT PRESENTASJON
Vikemarka barnehage er ein privat barnehage med godkjenning for 66 plassar for barn 0-6år. Perny Austnes eig barnehagen. I 1991 starta ho sin første barnehage i Varleitebakkane. I 1995-2014 dreiv ho Råsa barnehage AS. I dag eig ho Sætra barnehage AS, etablert i 2003 og Vikemarka barnehage AS, etablert i 2015.
Vikemarka barnehage ligg oppe i Vikemarkfeltet i Ulsteinvik, midt i naturen. Vi samarbeider med mange aktørar for å kunne gi barna det beste tida fram til skulestart.
ORGANISERING
Vikemarka barnehage er organisert i mindre grupper. Lokala våre er forma slik at barna opplever ein open barnehage, der dei kan oppsøkje søsken eller barn i andre aldersgrupper i løpet av dagen. Vi har ingen tradisjonelle avdelingar, men kvar gruppe har faste vaksne med ein pedagogisk leiar.
Vekst og utvikling står i fokus i barnehagen vår.
Store delar av dagen er vi organiserte i grupper, slik at alle får utordringar ut i frå eigne behov for meistring og utvikling. Ofast er vi delte slik at barna er saman med barn på same alder, andre gonger er det flott med deling på tvers av alder.
Vi jobbar mykje med smågrupper som metode, og meiner at ei lita gruppe barn med 1 vaksen er opmalt for barna sitt utbyte.
Vi er ein lærande barnehage, med samvær mellom vaksne og barn som nøkkelkvalitet. Vi meiner at tilsyn og samvær er to kvalitetar som kan prege ein barnehage, og at vi ynskjer å vere prega av samvær som har høgst kvalitet for barn. Det gode samværet er også ein viktig faktor når det kjem til verkeleg å sjå kvart einskild barn med sine behov for omsorg, nærleik, vekst og utvikling.
Barnehagen sitt samfunnsmandat er, i nært samarbeid og forståing med heimen, å ivareta barn sitt behov for OMSORG og LEIK og fremme LÆRING og DANNING som grunnlag for allsidig utvikling (RP 2017, s.7). I Vikemarka barnehage har vi fokus på eit heilheitleg læringssyn, der omsorg, leik og læring vert sett på i ein samanheng. Elementa heng tett saman, og er avhengige av kvarandre for allsidig utvikling.
Vi har engasjerte og fagleg godt kvalifiserte vaksne. Vi vil utfordre oss sjølve - kome vidare - vere synlege - gi av oss sjølve - skape saman med andre.
Kven som jobbar og har ansvar på dei ulike gruppene får du info om i barnehagen. Sjå dessutan heimesida vår www.vikemarkabarnehage.no
PLANANE VÅRE
Lov om barnehager og Rammeplan for barnehage – fastsett av Kunnskapsdepartementet 24.april 2017, er utgangspunkt for arbeidet vårt. Dernest kjem vår eigen årsplan med ”Pedagogiske periodar” som fortel kva som er hovudtema og kva vi kan vente oss i denne perioden. Innanfor desse rammene har leiarane i Vikemarka, i samarbeid med sine medarbeidarar, stor handlingsfridom og brukar seg sjølve og sine kunnskapar og erfaringar for å skape gode dagar for barn i vekst og utvikling.
Leiarane lagar periodeplan for si gruppe. Desse vert sendt ut l foreldra for kvar periode –
jamfør eige oppsett. Når ein periode er over, får du også info om kva som vart gjennomført av planane i sist periode.
I barnehagen eller på digital plattform; Kidplan – ditt kommunikasjonsverktøy finn du planar som fortel kva som er planlagt for kvar dag. Her kan du som foreldre sjå kva ditt barn skal vere med på. Og du har eit fint utgangspunkt for samtale med barnet e er at dagen er over.
Av og til skriv leiaren litt ekstra om ei spesiell oppleving denne dagen.
Med samvær mellom vaksne og barn som fokus, vert det ein viktig balanse for pedagogane kva dei skal bruke tida si på avdeling på. Kor mykje ein skal bruke på å gi detaljert informasjon til foreldra i høve til å prioritere å vere til stades for barna? For å få ein god balanse i dette, vil vi samarbeide med foreldra, finne ein balanse mellom foreldra sine behov for informasjon og barna sine behov for samvær med dei vaksne.
FAGOMRÅDA I RAMMEPLANEN
Fagområda følgjer oss året rundt, gjennom dei ulike pedagogiske periodene vår.
Nokre av fagområda har spesielt fokus i ei av dei pedagogiske periodane våre, andre er med oss kvar dag. Både ”Kommunikasjon, språk og tekst”, ”Kropp, rørsle, mat og helse” er naturlege delar av ein vanleg dag. Det same gjeld «Mengd, rom og form».
Her er fagområda;
- Kommunikasjon, språk og tekst
- Kropp, rørsle, mat og helse
- Kunst, kultur, kreativitet
- Natur, miljø og teknologi
- Etikk, religion, filosofi
- Nærmiljø og samfunn
Ei gruppe kan til dømes ha ein dag der dei har hovudfokus på motorikk og mengd, rom og form. Då kan vi leite etter ulike former når vi er på tur, vi kan gå lange turar eller endå lengre turar. Vi kan hoppe høgt eller langt, eller krype gjennom ein trong tunnel. Vi kan hoppe paradis med tal på, eller telle kråker i eit tre. Vi kan leike ein ringleik, eller lage ein stor sirkel av born…. Det er berre fantasien som kan stoppe oss. Læring skjer altså heile dagen, både ute og inne.
FLEIRE DØME PÅ LÆRING I BARNEHAGEN
I Vikemarka barnehage får barna bli kjent med ulike prosessar, til dømes haustar vi frå naturen, og bruker dette i kosthaldet i barnehagen.
Vi plukker bær som vi lagar saft eller sylte av. Vi har epletre som vi hauster av, vi tek opp poteter. Og vi dyrkar eigne grønsaker. Kjempespennande opplevingar som fortel oss noko om kvar maten kjem frå.
Kva lærer barnet i leik med LEGO saman med andre barn?
- Samspel og sosial kompetanse: dele, låne, sende, hjelpe.
- Kommunikasjon: bruke språket som verktøy,
- Matematiske omgrep: lang, lengre, kort, kortare, høgt, lågt,
- Fargar, beregne korleis former passar l kvarandre,
-Meistring, fantasi
Saman med andre barn og bevisste vaksne er byggeleiken ei heil verd av læring. På same måten kan vi sjå på andre leike- og samspelsituasjonar. Fokuset vårt på vekst og utvikling gjer dagen saman med barna fantastisk givande. Det er spennande å følgje barnet si utforsking og læring.
LIKESTILLING OG KJØNN I DET PEDAGOGISKE ARBEIDET
Vi må vere bevisste at det er vi vaksne som legg innhaldet i kjønnsrollene for barna. ”Jenter” eller ”gutar” er ikkje ei homogen gruppe på nokon måte. Det finns sjeldan grunnlag for å omtale dei som gruppe i barnehagesamanheng. No er det Per og Kari, og kva dei måtte ha behov for, som tel, ikkje ”jentene” og ”gutane”. Her prøver vi også å fokusere og vere bevisste i samhandling med barna.
Det som er viktig, er at alle barn får like sjansar, ikkje tilbod som er prega av stigmatiserte kjønnsroller.
Alle barn skal kjenne at dei passar inn. Dei skal kjenne seg trygge og dei skal erfare at dei får velje fritt kva dei vil leike og kven dei vil leike med. Ingen av aktivitetane våre skal definere ein viss kjønnsidentitet. Leik og venskap mellom gutar og jenter er ein viktig del av ein sunn oppvekst, og i tråd med innhaldet i Rammeplanen.
Likestilling i barnehagen handlar om å ha forventningar til Kari som Kari og ikkje som «jente», og til Per som Per og ikkje som «gut». Alle barn har rett til å leike med alle barn – det e er også grunnen til at vi i barnehagen ikkje kan vere med på tanken om å arrangere private «jenteselskap» eller «guteselskap» gjennom vår arena. Eit slikt selskapskonsept ekskluderer mange viktige og essensielle venskap, og deler opp basert på kjønn.
Vi oppfordrar difor foreldra å tenkje inkludering når dei tek med heim andre barn på besøk, og når dei ber inn til bursdagsselskap.
PEDAGOGISKE PERIODAR i Vikemarka barnehage
Veke 32/33 – 38 DET GODE SAMVÆR
- Bli kjende med kvarandre, med barnehagen sine rom ute og inne.
- Bli kjende med barnehagen si dagsrytme, reglar og rutinar.
- Bygge gode relasjonar: barn til barn, vaksen til barn, vaksen til vaksen
- Tryggleik, sensibilitet, stabilitet, tilvenning,
Veke 39 – 46 HAUST, VENSKAP
- Glede andre, hjelpe andre
- ”Barn hjelper barn-aksjon”
- Kva er ein god ven? Kva gjer ein god ven?
- Øve, øve: «Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad».
- Empati kjem ikkje av seg sjølv, det må lærast
Veke 47 – 51/52 FØRJULSTID
- Den glade bodskapen, glede andre
- Advent og Juletradisjonar
Veke 1 – 9 VINTER
- Is, snø, ake, bygge
- HUMOR smil og latter, teater
- Fantastiske fellesopplevingar
Veke 10 – 16 VÅR, PÅSKE, LYS OG LIV
- Glede, varme, undring, ny liv
- Påskebodskapen
Veke 17 - 22 HEIMSTADEN MIN
- Ulsteinvik, ein del av Norge, 17.mai
- Heimkjensle, lokal identitet
Veke 23 – 31 SOMMAR
- Livsglede, sansar, kroppsfunksjonar
Vi er ulike, men likeverdige
- Men det aller viktigaste kvar dag her i Vikemarka er det inspirerande samspelet.
BARNS MEDVERKNAD
Barnehagelova seier at barn skal vere aktivt med i planlegging og vurdering av eigen kvardag. Vi er difor forplikta til å få fram barn sine synspunkt, og la deira uttrykk få konsekvensar for det pedagogiske arbeidet.
Metodane for å innhente barn sine synspunkt må vere tilpassa barnet i alder og mogning: På same tid som barnet har rett til å uttrykkje seg og bli høyrt, skal barnet ikkje bli stilt overfor avgjerder og val som det ikkje er rusta til å ta. Dette er understreka i Rammeplanen. For mange val er krevjande for eit barn. Korleis kan dei aller minste barna medverke?
Berit Bae, pedagog, seier at det handlar om barnet sin ytrings-fridom, og at vi vaksne må vere vare for korleis det vesle barnet uttrykkjer seg gjennom lydar, kroppsspråk og ytre teikn på trivsel eller vantrivsel.
Gjennom det nære samværet er det ikkje vanskeleg å sjå det vesle barnet med sine uttrykk. Alle barn skal oppleve at deira behov og ynskje betyr noko, at dei kan påverke kvardagen sin og ha reelle val. Dei skal oppleve at deira innspel blir verdsette.
Det handlar ikkje om å få bestemme alt eller velje på «øvste» hylle. Det handlar om ein balanse der ein kan velje eller gi uttrykk for kva ein ynskjer eller har lyst til.
«Barnet si stemme» var tema på fagdagen ved oppstart hausten 2023. Der jobba vi med Forandringsfabrikken si undersøking der 722 barn i alderen 2-5 år fekk kome til orde. Undersøkinga heiter «Trygt for oss» og fortel oss at barn heilt ned i 2 års alder kan gi tydeleg uttrykk for kva som er viktig for dei i ein god barnehagedag.
Det er alltid spennande å få signal utanfrå korleis ting fungerer til dagleg når ein ser vekk frå dei fine orda på papiret. Vi er stolte over å ha få gode signal på barns medverknad på storbarnsavdeling – frå 3.klasse studentar frå Barnehagelærarstudiet i Volda
RESPEKT FOR BARNET
Dette er grunnleggjande for arbeidet vårt. Respekt for barnet syner vi - når vi let barnet bruke den da det treng for å gjere ferdig det ho/han held på med. - når barnet får bevege seg i eige tempo - når vi samtalar MED barnet,- når vi ler MED barnet - når vi lyttar til barnet - når barnet si ”stemme” får konsekvensar for våre val - når det er barnet sitt eige skaparverk som ligg i julepakken.
MOBBING
Vi har nulltoleranse for mobbing. Vi jobbar dagleg med å fange opp, forebygge, og stoppe mobbing. For å førebygge mobbing er vi opptekne av samarbeid med heimen. Det handlar om å vere bevisst sine haldningar og utsegn, som lett kan overførast til barna – både positivt og negativt. Om mobbing skjer i vår barnehage, er vi forplikta til å følgje opp og sette inn tiltak for å stoppe mobbing. Tilsette har aktivitetsplikt og barn i barnehagen har rett på eit godt psykososialt barnehagemiljø (barnehagelova, kap. 8. Kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø | udir.no ). Tilsette skal jobbe tett på barna, og slik kan ein førebygge og stoppe mobbing og krenkingar.
Vi går no vidare med ei endå meir sensitiv tilnærming og er vare for alle former for krenking og ekskludering. Vi samarbeider med foreldre om bursdagsfeiringar og går eit skritt lenger når vi oppmodar foreldra om å tenkje inkludering – også på fritida.
TANNPUSS
Vi pussar tennene kvar morgon etter frukost for å innarbeide gode vaner så tidleg som mulig. Kvart barn har eige tannglas med eigen tannkrem og tannkost. Tannpussen er ein god pedagogisk læresituasjon i seg sjølv, som ikkje stel verdfull tid frå andre aktivitetar.
KOSTHALD
Vi har varm lunsj kvar dag. Vi tenkjer breidde når vi legg opp menyen for dei varme måltida. Vi legg vekt på kvalitet med fullverdige måltid, kjøt, fisk, ris, pasta og poteter.
Barna får fleire slag grønsaker og frukt kvar dag. Smitteeffekten er stor, så barna er flinke å smake på ”nye” sortar. Vi har mykje økologisk mat – for å støtte ei berekraftig utvikling. Naturleg når vi jobbar med framda, som er barna. Vi unngår stivelse og tilsetningsstoff, og lagar det meste frå botnen.
Vi lagar FRUKTFEST når vi feirar bursdag. Då får barna velgje mellom td fruktspyd, smoothie og liknande. God og næringsrik kost er det beste grunnlaget for ein aktiv og lærande kvardag, og glade kroppar trivst best ☺
Eit stabilt blodsukker er også førebyggande for konfliktar – viktig for den sosiale utviklinga.
LOKAL TILPASSING
Vikemarka barnehage er ein del av kystkulturen vår. Utsikta frå barnehagen minner oss kvar dag om hav og båtar og den industrien som bygda vår er grunnlagt på.
Sjølv om vi held til på fjellet, er det kort veg til fjøra. Oppe i barnehagen byggjer vi båtar. Vi teiknar og planlegg korleis båten skal sjå ut, lagar han og prøvekøyrer han.
OVERGANGER
Barn som går frå det kjende trygge, til det ukjende har behov for ekstra varme og støtte. Vi er særleg merksame på desse overgangane:
- Starte i barnehagen
Før tilvenninga, får barnet og føresette invitasjon til besøksdagar. Der treff dei andre barn som skal starte, vaksne frå barnehagen, får sjå og oppleve barnehagen sine rom med alle sansar – det blir skapt positiv forventning før oppstart.
I sjølve tilvenninga har individuelt fokus med faste rutinar.
- Ny avdeling/gruppe
Vi legg vekt på ein mjuk overgang der vi sikrar stabiliteten for barnet. Det er kjende vaksne som skal følgje vidare, og vi lagar ein god overgang med besøk og blanding av grupper i tida før og etter start i ny gruppe.
- Ny plass å bo/heim
Dette kjem ofte på same tid som td.. samværsbrot, og forsterkar det heile. Ein viktig
overgang å vere merksam på.
- Samlivsbrot
Ein stor og vanskelig overgangar i eit barn sitt liv. Vi gir barnet ekstra mykje varme og støtte og god tid till å lytte og samtale. Vi har godt materiell «E barn – to hjem», og gode rutinar med samtale med foreldra og re leiing i denne vanskelege da. For barnet sin del er det viktig at vi får tidleg informasjon om alvorlege konfliktar i heimen, slik at vi kan støtte barnet på beste måte.
- Skulestart
Det siste året før skulestart jobbar vi mykje med aktivitetar som har som mål at barnet skal auke sjølvstendet sitt reint praktisk. Innhaldet dette siste året, handlar også om vidare utvikling sosialt, motorisk og kognitivt. Det er viktig at barnet får styrke sjølvkjensla si, slik at det kjenner seg trygt og klar til å gå inn i skulekvardagen.
Dei som skal starte på skulen er alltid ei eiga gruppe, så det er «5-årsklubb/førskulegruppe» i Vikemarka barnehage kvar dag. Vi nyttar Trampoline – eit hefte for 5 åringar i barnehagen og som er utarbeida etter rammeplan for barnehagen. Dette er felles for heile Ulstein kommune.
For barn med særskilde behov, har vi møte med skulen allereie om hausten siste barnehageåret, slik at skulen skal vere godt budd til å ta imot barnet med sine behov. Foreldre er med på slike møte, og gir løyve til nødvendig overføring av info til skulen.
Vi tek turar på besøk til skuleområdet for å jobbe med barna sine kjensler og forventningar i høve l skulestart, og er med på eventuelle arrangement på skulen. Elles samarbeider vi vidare med skulen om ein god overgang.
Plan for overgang mellom barnehage og skule
MANGFALD
Barnehagen i seg sjølv har eit godt mangfald. Vi har menn og kvinner, unge og erfarne, med ulik utdanningsbakgrunn. Dei tilsette ber med seg kulturar av ulike slag. De e er spennande og inspirerer i det daglege arbeidet med barna. Barna opplever andre kulturar på ein naturleg måte.
FAMILIAR
Det tradisjonelle familietreet har endra seg. Nye familiestrukturar med sine omgrep og ordningar er ein del av samfunnet vårt. I Vikemarka er alle varmt velkomne. Vi har bøker der hovudpersonane har ei anna familieform enn den tradisjonelle, og normalisering er strategien vi brukar for å inkludere.
RELIGION
Både vi som jobbar her og familiane som er her, er knytte l ulike religionar og trusretningar. Saman med barna kan vi undre oss over det som er vanskeleg å forstå når det td. handlar om liv og død. Og det er heilt greitt å fortelje kva ein sjølv trur på. I løpet av barnehage tida, får barna besøkje kyrkja og i førskulealder tek vi ein tur l Ålesund og besøkjer tempelet, der mange hinduar praktiserer sin religion.
Uansett religion finns det mange felleskulturelle verdinormer som vi tek vare på, til dømes «Den gyldne regel» : «Det du vil andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei».
FUNKSJONSMANGFALD
Funksjonsmangfald handlar om både det at alle menneske er unike og verdfulle. Og det handlar også om at nokre har ulik nedsett funksjonsevne. Her i Vikemarka er vi medlem av NFU, og vi har VTA plass – det vil seie ein varig tilrettelagt arbeidsplass. Vi er opne for å ta imot ulike menneske som treng å prøve ut arbeidsevnene sine osb.
Elles har vi i mange år hatt individuelt fokus både på barn og vaksne. Vi har individuell tilvennings tid for nye barn, og vi har jobba grundig med ulik personlegdom i høve l samarbeid og teambygging.
VURDERING AV BARNEHAGEN SITT INNHALD
Målet med vurderingsarbeidet er å oppretthalde og vidareutvikle kvaliteten i det daglege arbeidet.
Vi jobbar for høgt medvit om korleis den vaksne kan utgjere ein viktig forskjell både i tilbodet til det einskilde barnet, i samarbeidet med foreldra og i arbeidsmiljøet vårt: Kvaliteten i det daglege samspelet mellom menneske i barnehagen er ein av dei viktigaste føresetnadane for barnet si utvikling og læring.
Dagleg leiar har ansvaret for at den pedagogiske verksemda vert vurdert på ein open og
systematisk måte. Meir om vurdering i Del 2.
PEDAGOGISK ARBEID
Som pedagogisk samfunnsinstitusjon skal barnehagen vere i endring og utvikling. Barnehagen er ein lærande organisasjon som skal møte nye krav og utfordringar, og kvalitetsutvikling i barnehagen inneber kontinuerleg arbeid. Over fleire år har Vikemarka barnehage jobba med ulike utviklings- og endringsarbeid i samarbeid med Ulsteinbarnehagane, PPT, Sjustjerna og Høgskulen i Volda.
Pedagogane har i tillegg ansvar for å vurdere sitt daglege arbeid opp mot målsettingane våre, det som vert bestemt i møte og i høve l evt. ekstra ressursar. Barna sine innspel på det daglege arbeidet, vert først og fremst ivareteken gjennom medverknad og respekt for barn som er to sider av same sak. (Sjå elles i planen)
FORELDRESAMARBEID
Barnehagen skal legge til rette for foreldresamarbeid og god dialog med foreldre. Foreldresamarbeid skal skje både på individnivå og gruppenivå, gjennom foreldresamtaler og samarbeidsutval. På denne måten får foreldregruppa vere med og påverke innhaldet i barnehagen.Vi har ein open dialog og ein god kvalitet på samarbeidet med foreldra. I tillegg till foreldresamtalane haust og vår og den daglege dialogen, har vi ei brukarundersøking i løpet av året.
Foreldra har også reell medverknad gjennom Samarbeidsutvalet sine møte og gjennom Foreldrerådet, jfr vedtektene våre.
VURDERING AV ARBEIDSMILJØET
I Vikemarka barnehage har vi ein arbeidsmiljøavtale som alle skriv under på i samband med tillsetting. Avtalen er eit flott grunnlag for arbeidsmiljøet, og tek utgangspunkt i at alle skal glede seg til å gå på jobb kvar dag, fordi dei her møter menneske som er rause, gir av seg sjølve, ser på ulikskapar som ein ressurs og som ynskjer å skape i samarbeid med andre. Avtalen vert følgt opp individuelt gjennom medarbeidarsamtalar og e er behov gjennom året.
OBSERVASJON OG KARTLEGGING
Vi nyttar ikkje kartleggingsskjema på alle barn. Det er likevel nødvendig med observasjonar og registreringar som grunnlag for pedagogisk tilrettelegging og planlegging.
Her kan vi nytte ulike kartleggingsskjema i den grad det tener føremålet, slike som «Tras», «Alle med», «Mio» el. Dersom eit slikt skjema skal nyttast, får foreldre alltid informasjon og må samtykke til bruk. Alle barn utviklar seg i eige tempo på ulike område. Vi samanliknar difor kvart barn med seg sjølv og si eiga utvikling, på same tid som vi følgjer godt med kvar barnet treng ekstra smulering, ordringar og støtte.
PERSONALUTVIKLING – barnehagen som lærande organisasjon
Her i Vikemarka er det eit uttala mål at dei vaksne skal vekse og utvikle seg. Det er like viktig som at barna veks og utviklar seg. Og det er ein føresetnad for barnet sin trivsel og utvikling. Å vere at med vaksne i vekst og utvikling, gir barna det beste grunnlaget for eiga utvikling.
Kompetanseløfet – eit utviklingsarbeid i barnehagen I desember 2018 starta vi arbeidet med kompetanseløftet – i samarbeid med PPT.
Vi valgte å jobbe med barnesyn: «Respekt for barnet». Dette har vi fortsatt stort fokus på. Å møte barnet som subjekt – møte barnet på deira nivå, møte kjensler med forståing.
Vi har også fokus på Den autoritative vaksenrolla, som handlar om å finne den rette balansen mellom kontroll og varme i relasjonen mellom oss vaksne og det einskilde barnet.
I barnehageåret 2025-2026 skal vi ha fokus på «inkluderande arbeidsmiljø», som vert vårt endringsarbeid, dette barnehageåret. Forsking seier at eit godt arbeidsmiljø heng tett saman med kvaliteten ein leverer. For å skape eit godt arbeidsmiljø må det jobbast kontinuerlig og systematisk over tid – både organisatorisk og psykososialt. Vi vil nytte mykje sjølvrefleksjon og arbeid i grupper, for å skape eit godt og inkluderande miljø. Den psykologiske tryggheita må vere på plass i botn. Alle skal bil sett, hørt og møtt. I eit arbeidsmiljø er alle viktige brikker for at arbeidsdagen og kvaliteten skal vere god. Vi er eit team som er avhenging av kvarandre.
SIKKERHEIT
Vi har mange gode rutinar for sikkerheit, og har dette som sak på alle møte.
Vi har HMS-system gjennom Private barnehagers landsforbund, som sikrer oppdatert og gode rutiner, slik at vi sikrer kontinuitet for alle tilsette i HMS-arbeidet. Vi risikovurderer etter avvik.
TRAFIKKTRYGGING
Vi har fokus på å bygge gode vanar, haldningar og å lære barna å ferdast ute i trafikken når vi er på tur. Vi har også fokus på trafikktrygging i samarbeid med føresette.
MÅL
Vi har 2 hårete mål for arbeidet vårt:
1. Dei historiene som vert fortalt om Vikemarka barnehage skal vere positive historier.
2. Når barna ”våre” startar på skulen, vert kunnskapen dei har med seg frå Vikemarka
barnehage lagt merke til.
Begrepet ”hårete mål” er Ingebrigt Steen Jensen sitt,
teke frå boka hans ”Ona fyr”.
Hårete mål er store og vanskelege å svelgje – for dei som prøver ☺