Oppstart 8 V

Oppstart

Vi tilbyr heimebesøk til små barn som skal byrje hos oss. Eit heimebesøk inneber kort og greitt at ein vaksen som skal ha tett kontakt med barnet ditt kjem heim til dykk for å helse på barnet. Heimen er barnet sin tryggaste stad. Dei vaksne som kjem inn i huset dykkar er til å lite på- det veit barnet. Slik kan vi allereie før de er i barnehagen danne grunnlag for tillit og tryggleik. Dette fører til ein god oppstart i barnehagen, som vil inspirere ditt barn til fri leik og utfalding når de kjem til oss. 

Vi har individuell fokus på kvart barn. Ut frå dette møter vi deg og barnet i tilvenningsperioden. Vi vert kjende med dykkar behov frå vårt fyrste møte. Mor eller far er med i barnehagen den fyrste perioden, som kan variere i tid. Vi har ikkje faste oppskrifter på kor mange timar eller kor mange dagar tilvenningsprosessen skal vare. Dette varierer, og vi ynskjer å tilpasse det på beste måte for deg og ditt barn. Primærkontakt vert fastsett når barnet ditt har funne tilliten til ein vaksen.

Di kjensle av tryggleik og tillit til barnehagen vil ha innverknad for barnet ditt i overgangen. Spør oss om alt du lurer på - og ver aktiv i tilvenninga. Tilvenninga er ein prosess både for foreldre og for barna. Varsamt startar vi med å bli kjende og leike i barnehagen og så grip vi anledningane vi får til å bygge ein god relasjon med barnet ditt. Ofte skjer dette nede på golvet i leiken. Det er ut ifrå denne relasjonen barnet vil oppleve tryggleik og kjenne seg inspirert til ein aktiv dag i barnehagen. 

Tilvenningsperioden varer til barnet ditt er tilvent. Det er individuelt kor lang tid det tek. Det respekterer vi i Vikemarka barehage.