Tilsette 3 E

Tilsette

Tilsette er utan tvil dei som set standarden for kvaliteten i barnet sin kvardag. Vi er stolte av å kunne seie at vi har eit uvanleg høgt kvalifisert personale. Dei pedagogiske leiarane har hovudansvaret for barnet sin vekst og utvikling, og foreldresamarbeidet. Dei deltek i fagmiljøet i barnehagen, og utvekslar tankar og idear med dei andre pedagogane på huset. Det er han/ho som vurderer korleis barnet ditt utviklar seg språkleg, sosialt, kognitivt, motorisk. Det er han/ho som tek samtalar med deg når han eller du vil drøfte noko. Det er han du møter i foreldresamtalar. Det er han som skriv dei flotte minnebøkene som du får. I tillegg til rikeleg med utdanna pedagogar har vi mange overkvalifiserte «assistentar» - sjå gjerne på presentasjon av personale.

Kompetanseheving er alltid viktig – vi har fleire vaksne som er med på kompetansehevingskurs og andre tek deltidsbasert førskulelærarutdanning, m.m. Vi er i kontinuerleg utvikling fagleg. 

Av våre 15 årsverk jobbar her sju menn. To av dei er pedagogiske leiarar i dag. For oss betyr eit rikt arbeidsmiljø eit fagleg sterkt og undrande miljø, med godt klima for drøfting og rettleiing. Det beste miljøet for barn å utvikle seg i er eit miljø der personalet er i utvikling. Dei vaksne er ulike i form av fagleg bakgrunn, kjønn, alder, kultur og nasjonalitet, det er noko av det vi hentar inspirasjon ifrå. Saman jobbar vi ut ifrå alle dei gode rutinane våre, for å sikre kvalitet i alle ledd. Når du startar i vår barnehage er du også vår samarbeidspart- vi er glade for å utvikle oss vidare saman med dykk.

Voksenes Perspektiv 7 R

Bemanning.

Bemanninga er eit kvalitetsstempel. Berre med nok personale kan ein tilby god kvalitet. I neste omgang kan vi derfor lettare strekke oss etter visjonen om eit inspirerande samspel. Ei hand å halde i, eit fang å lese på, trygge auger å sjå inn i, ei venleg røyst å lytte til. Vaksne skal kunne ha høve til å sjå barnet, og følge opp barnet. Vi skal vere i stand til å oppdage når eit barn har noko på hjartet. Bemanningsnorma som eksisterer i dag seier ein vaksen per tre barn under tre år og ein vaksen per seks barn over seks år. Grunnbemanninga vår har minimum denne norma. Ved sjukdom har vi stabile og gode vikarar. Også her er det viktig for oss at kvaliteten for barna blir ivaretatt best mogleg. 

Utviklingsarbeid. 

Det beste miljøet for barn i vekst og utvikling er blant vaksne i vekst og utvikling. Undrande og lærelystne vaksne som leiar kvarandre er ein stor del av kvardagen vår. Det er ein fordel med opne lokale der ein kan bli inspirerte, hauste erfaringar og hente råd og rettleiing frå kvarandre. Personalet deltek gjennom året på sikkerheitskurs for heile personalet, førstehjelpskurs, Mentorutdanning for pedagogiske leiarar, kompassutdanning for assistentar, deltidsutdanning som førskulelærar for assistentar i arbeid. Ut over dette deltek vi på ei rekke gode kurs, både internasjonale barnehagekonferansar og meir lokalt plasserte kurs som omhandlar tematikk som vi ønsker å lære meir om. Vi er heile tida på jakt etter kurs og kompetanse som kan inspirere oss vidare.

Dsc 5543

Perny Austnes. Eigar/ Dagleg leiar. Utdanna allmennlærar i 1979 og førskulelærar i 1992. Har etablert fire barnehagar.

Dsc 6613

Susan Kaul. Pedagogisk leiar.Tilsett 2002

Dsc 5946

Twinkle Jane Høymer. Barne- og ungdomsarbeidar. Tilsett 2015.

Dsc 5893

Ragnhild Vatnehol. Ergoterapeut. Tilsett 2014.

Dsc 5666

Jakob Osdal. Assistent. Tilsett 2014

Dsc 5645

Vidar Andersen. Kjøkenassistent. Tilsett 2010

Dsc 5640

Hanna Moltubakk. Barnevernspedagog. Tilsett 2012

Dsc 5632

Alina Ciobaca. Pedagogisk leiar. Tilsett 2014

Dsc 5597

Ivar André Aadland. Pedagogisk leiar. Tilsett 2009

Dsc 5583

Silje Beate Mork. Assistent. Tilsett 2014

Dsc 5576

Karoline Stokseth. Pedagogisk leiar. Tilsett 2010.

Dsc 5556

Tove Richardsen Liaset. Sosionom. Tilsett 2014

Dsc 5553

Janne Barstad. Assistent. Tilsett 2004

Dsc 5545

Silje Rosvold. Pedagogisk leiar. Tilsett 2013.

Dsc 5537

Charlotte Viktoria Lillebø. Pedagogisk leiar. Tilsett 2014.

Dsc7174

Anne Mykkeltveit Sandanger. Pedagogisk leiar. Tilsett 2017