Mp 3883 Form1

Vedtekter

VEDTEKTER i Vikemarka barnehage AS

Vikemarka barnehage As er registert i Einingsregisteret – 912 576 582.

1. EIGEFORM

Vikemarka barnehage AS er eit aksjeselskap der Perny Austnes eig 100% av aksjane.

2. FØREMÅL – jfr Barnehagelova § 1.

Vi jobbar bevisst med kvalitet, og vil at barnehagen vår skal vere ein meiningsfull møtestad som er prega av respekt i møtet mellom menneske. Dette vil vise i:

- Dialog mellom foreldre og personale.

- Dialog mellom barn og vaksne.

- Impulsar som vi gir til barna for å fremje den einskilde si læring og utvikling.

Meir om innhald finn du i planane våre. Barnehagen byggjer på dei etiske grunnverdiane som mellom anna er forankra i kristendommen, og vert driven etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og føreskrifter for barnehagedrift.

3. ALDERSGRUPPE

Vikemarka har 66 plassar for barn frå 0-6år.

4. AREAL

Barnehagen har eit godkjent leike- og opphaldsareal inne på 324,4 m2. Eigaren si norm for arealutnytting er 4,2 m2 inneareal pr. barn over 3 år og 5,5 m2 for barn under 3 år. Vi har dessutan romslege tilkomstareal inne som kjem i tillegg til godkjent leike- og opphaldsareal.

5. OPNINGSTID

Opningstida er for tida 07.00-16.45 måndag til fredag. Kor lenge barna er her kvar dag, er det opp til foreldra å bestemme. Vi anbefaler ikkje lengre arbeidsdagar for barn enn for vaksne. Den lange opningstida reknar vi som ei svært brukarvenleg ramme for barnehagedagen. Unntaksvis må vi redusere td 1 t på opningstida for fagdag eller liknande, men kun unntaksvis. Vi har redusert opningstid inntil 3 veker om sommaren ved få barn og få vaksne.

Fleire og fleire bedrifter innfører fleksibel arbeidstid som eit gode for sine tilsette. Dette kombinert med lang opningstid i barnehagen, trur vi er eit flott utgangspunkt for småbarnsforeldre som skal leggje til rette for gode dagar for barna og familien.

6. FERIAR

Barnehagen er sommaropen, med unntak av veke 29 og 30, og vi har stengt i romjula og påskeveka. Romjula og påskeveka vert rekna som 1 ferieveke for barnet. Barna skal ha ferie i til saman 1 månad i løpet av året. Difor er juli betalingsfri. Foreldre må registrere barna sine ferieveker før 1.04. kvart år.

Vi har 5 planlegging/kursdagar i løpet av eit barnehageår. Då er barnehagen stengd. Desse vert tidfesta så fort som mogeleg etter oppstart om hausten i “Barnehageruta”.

7. OPPTAK

Vi tek inn barn frå Ulstein kommune, tilflyttarar og barn frå regionen.Plassen beheld ein så lenge ein ønskjer eller har behov for det, dersom anna ikkje er avtala ved tildeling av plassen. Søsken vert prioriterte framfor nye barn. Inntak av barn under fylte 1 år ved oppstart, gjeld i regelen berre søsken etter intern vurdering. Tidlegare brukarar/familiar vert prioriterte framfor nye, samt barn av tidlegare tilsette. Dersom du seier frå deg plassen i løpet av året, td. ved flytting, må du betale plassen til eit nytt barn kjem inn, evt. inntil 3 mnd etter oppseiingsmånaden.Vi tek ikkje inn barn av foreldre som jobbar i barnehagen. Barnehagen er med i samordna opptak gjennom Ulstein kommune.

Opptaket er i regelen bindande for 1 år om gongen.

8. TILVENNING

Tryggleik er ein føresetnad for barna sin trivsel. I den første tida må difor ein av foreldra eller ein annan vaksen person som barnet har tillit til, vere med i barnehagen så lenge barnet har behov for det.Vi har besøksordning i barnehagen før barnet startar, og for dei minste barna prøver vi i tillegg å avtale eit kort heimebesøk. Dette for å gjere tilvenninga så god som mogeleg for barnet.

Vi legg opp til noko kortare dagar i tilvenningsperioden.

Barna har ulike behov, så tilvenninga vert tilrettelagt for det einskilde barnet gjennom eit nært samarbeid mellom foreldra og leiaren for gruppa.

9. SAMARBEID MED HEIMEN

Eit godt samarbeid med heimen er det beste grunnlaget for at barnet skal trivast og utvikle seg. Den daglege kontakta er den viktigaste.

Av meir formelt samarbeid har vi foreldremøte, til vanleg ein eller 2 gongar i året. Foreldresamtale om det einskilde barnet har vi to gongar i året. Vi tek sjølvsagt fleire samtalar ved behov. Foreldra kan også ynskje ekstra samtale.

10. SJUKDOM

Når barnet har feber, eller dersom allmenntilstanden til barnet er så dårleg at det ikkje kan gå ut, må barnet vere heime.

Trass i alle hygieniske tiltak, er barnehagen ein ideell arena for spreiing av bakteriar. Vi vil derfor be foreldra om at de er solidariske i høve til kvarandre når det gjeld grensene for når de bør halde barnet heime.

Ved oppkast og/eller diarè gjeld 48timar i heimen etter siste oppkast eller blaute bleie.

Jamfør elles eventuelle helseskriv som vert sendt ut i løpet av året.

11. MAT

Barna får all mat i barnehagen. Det blir servert varm mat kvar dag, og rikeleg med frukt og grønsaker. Til bursdagsfeiringar har vi fruktfest, td fruktspyd, smoothie eller smoothie–is.

12. LEIKER

I barnehagen skal alle kunne bruke leikene. Vi brukar derfor barnehagen sine leiker til dagleg, og vil ikkje at barna skal ta med leiker heimanfrå. Av sikkerheitsmessige grunnar ber vi foreldra om å sjå til at barna ikkje har med småting i lommene som kan medføre kvelingsfare for dei små, slik som ”Lypsyl”, pengar og liknande.

13. KLEDE – husk merking!

Regnklede og regntett fottøy og elles høvelege uteklede må barnet ha kvar dag. Vi treng også kledeskift som ligg i barnehagen, tilpassa årstidene og barnet sine behov

Innesko: gjerne sandalar eller lette sommarsko er nødvendig kvar dag.

Funksjonelle klede er utruleg viktig for at barnet skal få utfalde og utvikle seg godt.

14. FORELDREBETALING Foreldra betalar seinast 15. i kvar månad på avtala måte.

Avtalegiro vart innført hausten 2014.

Vi har maxpris, som betyr at grunnprisen for ein full plass blir regulert av departementet. Justerte prisar for 4dg plass følgjer Ulstein kommune sine satsar.

Det vert ikkje fråtrekk i betalinga for fråvær eller dei dagane barnehagen er stengd, berre juli som vert rekna som feriemånad uansett når de vel å ta ferie. Dersom barnet er sjukt i lenger tid, td fleire veker i strekk og familien har auka utgifter i samband med dette, kan ein søkje barnehagen om å sleppe å betale i denne perioden. Utgiftene må dokumenterast.

VED MANGLANDE BETALING KAN EIN MISSE RETTEN TIL PLASS.

15. SAMARBEIDSUTVALET

Barnehagen sitt samarbeidsutval er samansett av 6 personar:

2 representant for eigar.

2 representantar for tilsette, i regelen verneombod og tillitsvalgt.

2 foreldre / Representantar for foreldre og tilsette vert valde for 2år om gongen.

Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Ved avstemming har kvar person ei stemme. Ved stemmelikskap tel styreleiar si stemme som to. Samarbeidsutvalet er eit samarbeidsorgan for barnehagen og foreldra.

Samarbeidsutvalet sine oppgåver er:

1. Sjå til at barnehagen vert driven innanfor ramma av barnehagelova, vedtektene og budsjettet.

2. Handsama barnehagen sin årsplan.

3. Vurdere budsjettet og dei prioriteringar som eigar/styrar har her.

4. Gjere endringar i vedtektene.

5. Uttale seg om personalinstruksar.

Samarbeidsutvalet skal bli førelagt saker som er viktige for barnehagen si verksemd, og uttale seg før avgjerder vert tekne. Samarbeidsutvalet skal be om foreldrerådet sitt syn i saker som må sjåast på som særleg viktige for foreldra. SU skal ha møte minimum ein gong i året.

16. FORELDRERÅD

Foreldrerådet er foreldre/føresette til alle barn i barnehagen. Barnehagen stiller lokaler til disposisjon ved behov. Oppgåvene til foreldrerådet er:

1. Jobbe for eit godt samarbeid mellom heim og barnehage.

2. Foreldra kan sjølve be om å få lagt fram for seg saker som er viktige for foreldra sitt forhold til barnehagen. Dei har rett til å uttale seg før avgjerder vert tekne.

3. Ved avstemming i foreldreråd vert det gitt ei stemme for kvar av dei frammøtte. Saker vert avgjorde ved simpelt fleirtal.

17. ENDRING I VEDTEKTENE

Samarbeidsutvalet i barnehagen avgjer endring i vedtektene.

18. INTERNKONTROLL

Barnehagen har sitt eige internkontrollsystem. Internkontrollsystemet inneheld rutinar for HMS, branntrygging og frambod av mat.

19. UTVIKLINGSARBEID

Eigar har hovudansvaret for utviklingsarbeid i barnehagen i samarbeid med styrar.

20. TEIEPLIKT

Alle som handsamar saker etter ”Lov om barnehagar”, har teieplikt i samsvar med lova sin § 16. Det er rutine i barnehagen på info og underskriving av teieplikt for alle som jobbar med barna både i kortare og lengre periodar.

21. POLITIATTEST

Godkjend politiattest, etter til ei kvar tid gjeldande reglar for slik attest, er ein føresetnad for å få jobbe hos oss.

Revidert 10.11.2023

Endringar godkjende I SU.