Barnas Perspektiv
Det bur eit barn i alle vaksne og ein komande vaksen i alle barn. Ei av dei viktigaste oppgåvene vi som vaksne har, er å prøve å sjå verda gjennom barna sine auge. Berre gjennom barna sine auge ser ein korleis ein best kan ruste dei for framtida.
Vaksne sitt perspektiv
Kommunikasjon mellom heim og barnehage er viktig. Det du som mor eller far har behov for å vite meir om er viktig for oss. Vi vil ha ein god dialog med deg som forelder i din livssituasjon. Våre formelle og uformelle kanalar for kontakt som foreldremøte, planarbeid og samtalar får du innsyn i når de startar hos oss. I Vikemarka barnehage stiller foreldra frivillig på dugnad. Det er ingen krav om kor mykje kvar familie skal bidra med her. Det ser ut til at det er ei ordning som alle trivast med.