Staende Form1

Om vikemarka

Vikemarka barnehage vart til av ulike grunnar. Ein av dei var at Råsa vart for liten og fagmiljøet for avgrensa. Vi er glade for å kunne ta med oss lang erfaring av drift i liten barnehage inn i moderne lokale i Vikemarka barnehage. Dei vaksne som arbeider trivast betre i eit større fagmiljø, og i eit lokale som fungerer både organisatorisk og teknisk. Vikemarka er den 4. i rekkja av barnehagar etablerte i Ulsteinvik av Perny Austnes. Det heile starta i Varleitebakkane 6 med 14 barn, ei avdeling i 1991. So kom Råsa med 22 barn i 1995, Sætra med 44 barn i 2003 og no Vikemarka barnehage frå hausten 2014. Perny synest det er meiningsskapande å bidra i nærsamfunnet ved å drive gode barnehagar i bygda der ho bur. I den rivande utviklinga som barnehagesektoren har vore gjennom, har dette vore eit svært spennande prosjekt.  Det er ikkje eit mål å eige fleire barnehagar, men å få skape og utvikle gode barnehagar og sjølv få vere der det skjer, seier ho.

Bygg

Storbarn og småbarn har kvar sine fløyer i bygget der dei leikar og lærer i løpet av dagen. Eige kjøken, eigne leikerom, eigne bad, garderobe og utgang til uteområdet. Storbarn disponerer eit mediatek i andre etasje, samt eit grupperom- tilpassa deira behov. Småbarn har fleire gode boltrerom med klatrevegg i deira høgd, og tilgong til vassleikrom i si fløy.

Foreldre

Kompetansenivået hos dagens foreldre er høgare enn nokon gong. Vi har ei ressurssterk gruppe av foreldre som syner meir interesse for det faglege innhaldet i barnehagen enn før. Engasjerte foreldre er svært givande. Dei gjer at arbeidet vårt vert sett, synleggjort og anerkjent.

Kvardagen. 

Opningstida vår er frå 07.00-16.45. Dei vaksne er klare til å ta imot barnet ditt når du har tatt avskjed. Barnet får servert ein fargerik, næringsrik og innbydande frukost mellom 08.00-09.00 med påfølgande tannpuss. Tannpussen er ein kjekk aktivitet, synest barna. Etter dette følger ein frileikperiode på tvers av alder, der store hjelper små og dei yngste lærer av dei eldre. Sjølv om vi kan dele av mellom småbarn sine leikeareal og storbarn sine areal så får barna besøke kvarandre mellom avdelingane i periodar av dagen. Ein stor fordel med opne areal er at barn kan søke til sysken og vener på tvers av avdelingane. Det er lettare å finne seg ein god kompis når ein har fleire å spele på. Og venskap er i fylgje undersøkingar det aller viktigaste for barna.

Etter kvart organiserer pedagogisk leiar barna i grupper. Vidare kan leiaren dele si aldersbestemte gruppe i små einigar ned til fire, fem barn om ynskjeleg. Her kan dei spele brettspel, drive med språkleik, lese bøker, lage mat, gå på tur, alt etter kva behov han vil møte i barnegruppa. 

Varm lunsj blir servert kl.11.00- og vi er stolte av å tilby barna svært høg kvalitet på maten. For dei yngste vert servering av maten tilpassa sovetida deira. Etter lunsjen er det mange små barn som kviler seg i vogna ute i frisk luft. Alle får tildelt si eiga vogn med utstyr her- så det treng du ikkje tenke på. Ettermiddagsmåltidet serverer vi klokka 14.00. Ved hentetid ønsker vi at barna skal gå heim og glede seg til neste dag i barnehagen. 

Informasjonsflyt. 

Kommunikasjon mellom heim og barnehage er viktig. Det du som mor eller far har behov for å vite meir om er viktig for oss. Vi sørger for å oppretthalde ein god dialog med alle foreldre i ulike situasjonar. Våre formelle og uformelle kanalar for kontakt som foreldremøte, planarbeid og så vidare får du innsyn i når de startar hos oss. I Vikemarka barnehage stiller foreldra frivillig på dugnad. Det er ingen krav om kor mykje kvar familie skal bidra med her. Det ser ut til at det er ei ordning som alle trivast med.

Eit minne for livet. 

Før foreldresamtalen kvart halvår får du ei flott minnebok. Denne inneheld bilder av barnet ditt saman med vener i barnehagen. Vi arbeider nøye med pedagogisk dokumentasjon om barnet si utvikling språkleg, motorisk, og sosialt kvart halvår. Over fem år i barnehagen vert dette til ei verdifull samling frå eit viktig kapittel i barnet ditt sin oppvekst. Minneboka frå barnehagen kan rett og slett ikkje kan erstattast.